Hovedside arrow Om Ørskog videoklubb
torsdag 30. november 2006


Om Ørskog Videoklubb

Bak namnet "videoklubb" kan det skjule seg mykje rart. Nokon trur at vi sit og ser på snuskete filmar og et pizza. Ørskog videoklubb er ikkje ein slik klubb. Vi er ein gjeng som samlast for å lære om- og utføre videoproduksjon i eit vidt begrep.

Geografisk held vi til i Ørskog kommune på Sunnmøre, og har medlemmar frå Ørskog og nærliggande kommuner.

Ørskog Videoklubb vart skipa i 1994, som ei eiga gruppe i Ørskog ungdomslag. Vi held til i lagsrommet på Ørskog samfunnshus, der vi har fast plassert utstyr for direkteredigering og anna som høyrer videoproduksjon til. I samfunnshuset har vi også lagt faste kablar for fleirkamera-produksjon, slik at vi skal kunne rigge opp og ned på særs kort tid. Vi meiner dette er med på å auke utleigeverdien til Samfunnshuset. Medlemmar i klubben er også med i den scenetekniske staben på huset, og kan hjelpe til med lyssetting og god lyd.

Kamera og redigeringsutstyr skal vere tilgjengeleg for medlemmene. Vi freistar  å ha "videomøte" kvar fjortande dag. Her diskuterer vi sjølvsagt   video.... , planlegg fellesaktivitetar og gjennomfører desse.



Redigeringsrommet;(bilde)
Frå venstre ser vi switsh-board og lydmix, rack med lydprocessor, kromakeyer, Hi-8 opptaker, svhs recorder, DV-recorder, DVD-recorder, mixepult for bilde med inntil 8 monitorer, og redigerings PC for ulineær redigering.  Veggen er satt opp for enkle omkoblingar, kopiering, overspeling og prosessering, utan for mykje kabelplugging og lause kablar.

Formålet med klubben

Ørskog Videoklubb har som formål at medlemmene skal lære meir om dei forskjellige aspekta kring videoskaping. Den beste måten å lære på, er å drive mykje med video. Vi lærer av kvarandre og av ekstern ekspertise.

Vi er videoamatørar. Det vi skal bli, er GODE videoamatørar. Mykje har skjedd med både kunnskap
og utstyr sidan klubben vart skipa i 1994.

Vi skal ikkje tene pengar på videokunnskapen vår. Dei produksjonar vi gjer, skal vi gjere rimeleg, og pengane som vi frå tid til anna får inn, skal pløgast direkte inn att i form av kursing og utstyr.

Når vi av og til tek betaling for det vi gjer, er det for å sikre dei utlegg vi kan relatere til oppdraget, og vere med på å fornye og vedlikehalde dyrt utstyr.

Vi vil også vere ein viktig del av det lokale kulturlivet, gjennom det å kunne lage god dokumentasjon av store og små hendingar i lokalmiljøet, og bevare desse for framtida. Vi har allereie mykje historie i arkiva våre.

Medlemsskap

For å bli medlem i klubben treng du ikkje å vere ”proff”.
Interesse for videoskaping er det vktigaste!

Videoklubben skal vere eit sosialt fellesskap, der vi lærer av kvarandre, og hjelper kvarandre med dei problem som oppstår med videoproduksjonen.

Gjennom felles prosjekt, jobbar medlemmane i team med felles mål; Skape eit godt resultat for oppdragsgjevar, og skaffe erfaring for å stadig gjere ting betre og lettare. Vi har etter kvart blitt rimeleg brukbare på fleirkamera-produksjonar frå konsertar, revyar og andre "happenings".

Som medlem skyt ein inn ein andel i lagskapitalen, og betaler ei årleg avgift. Vi har særordningar for skuleungdom.

Nye medlemmar blir tekne opp i allmøte. Vi har inga nedre eller øvre aldersgrense. Vi har medlemmer mellom 16 og 70 år.

Ynskjer du å bli medlem? Lurer du på om dette passar for deg? TA KONTAKT! Om ikkje VI har noko å tilføre DEG, kan det hende at DU har noko å tilføre OSS!

Våre kamera

Ørskog Videoklubb rår over fleire kamera. Vi eig nokre i klubben, og medlemmane har ein del
kamera i privat eige. Felleskamera er tilgjengeleg for medlemmane, både i oppdrag for klubben, og
til meir privat bruk.

VÅRT NYE PANASONIC AG DVX 100 AE

Vi likte kameraet til OlavK så godt, at vi har kjøpt eit til.....som felleskamera. 


  Panasonic DX110

Panasonic NV DX 110EG
Innkjøpt i 1999. Et lite, hendig kamera med god optikk, 3CCD og stort zoom-område. Lett å ta med,
og lett å bruke. Klassa som semipro eller øvre skikt av konsumentkamera. Format; mini DV.


  Panasonic DX1
Panasonic NV DX1E
Innkjøpt i 1996  Eit noko større kamera. Virkelig ein solid slitar, som har vore med på mykje.
God optikk, enorm lysstyrke. 3CCD. Klassa som semipro. Format; mini DV.

Panasonic SVHSC MS90
Innkjøpt i 1995. Eit svært godt kamera som i dag blir lite brukt, grunna formatet. Kan likevel brukast med hell i fleirkameraproduksjonar med direkteredigering, då grensesnittet som blir brukt til dette, er analogt. Format; svhs.

  Vårt Canon XL1.

Canon DM XL1
Innkjøpt i 2001. Dette er eit prokamera med utskiftbar optikk og 3CCD. Verkeleg eit klassekamera,
for avansert bruk. Separat lyddel med eksterne mikrofonar. Dette er eit kamera for viderekomne. Format; miniDV 

 

Panasonic DVX100
Panasonic DVX 100e
(I privat eige hos ein av medlemmane.) Innkjøpt 2004. Dette er eit moderne kamera i pro-klassa.
Ein stor camcorder med alle tenkelege finesser. Lett å bruke, med enkel sjalting mellom auto-
og manuelle funksjonar. Kjempegod optikk og 3CCD-teknikk, lyssterkt, god lyd, integrert XLR og mange
instillingar. Format; mini DV.


 
Canon 550i
(I privat eige hos ein av medlemmane.) Velutstyrt konsumentkanera som er godt nok til det meste. FormatMini-DV


 
Canon (NN)
(I privat eige hos ein av medlemmane.) Moderne kompaktcamera som klarer det meste. Lommeformat DV.

 

Canon 500  (privat eige)
Det er bevist at dette kameraet tåler fall fra 1,5 meter mot betonggolv. Budsjettutgåve som er godt nok til husbruk. DV.


Sist oppdatert ( søndag 08. november 2009 )
   
Videoklubben.net © 2006