Hovedside
God jul med gamle tufter...
Skrevet av Olav K Sjøholt   
søndag 23. desember 2007

NYTT LIV I GAMLE TUFTER.....

2007: Eit aktivt år for videoklubben! Aldri har fellesprosjekta vore så mange og så omfattande.

Velledalen i januar; Enkel oppgåve med tre kamera og ei PA-linje.

Stordal: Filming og storskjerm av ein artig og vellaga revy.

To gonger konsertfilming og storskjerm på Vatne. Dei står ikkje med lua i handa, dei femti pr-kåte kallane i Tennfjord Mannskor…

Ørskog Skulekorps; Musikkvideo, filma inne og ute, med kulturskulen som lydprodusentar. Ferdig film i september.

Eldrefest som vanleg i november.

Har sikkert gløymt eit prosjekt eller to også….

 

I tillegg brukte leiaren sommarmånaden til ein bedriftsfilm. Andre småproduksjonar, kopioppdrag og slikt kjem i tillegg. Vi gler oss også over tettare kontakt med Ålesundsklubben, og skal arrangere naturfilmseminar saman med dei i januar.

 

Størst og viktigast har det likevel vore, at samarbeidet vårt med Storfjordens venner har utvikla seg så positivt. I fjor var det Vasshjulet på Ytste Skotet. I år tok vi resten av garden….

 

Planprosessen starta tidleg på året, og i løpet av nokre vintermånader saman med Asgeir i planprosessen, var vi klare til opptak i mai. Vidare var det stort mannskap på plass i juni, litt mindre mannskap i september, før Brynje krona opptaksprosessen som passasjer i helikopteret under materialløft sist i september. Vi fekk ikkje fullføre opptaksplanen i haust: Eit intervju med ein av dei eldre høvedsmennene lot seg ikkje gjennomføre. Men eit produkt til jul vart det likevel; Etter om lag sytti timar på klippebordet kunne vi presentere ei eksklusiv førsteutgåve av ”Nytt liv i gamle tufter” til styre og dugnadsgjeng. Først på nyåret kjem komplett DVD-plate til å vere ferdig. Eit produkt Storfjordvennane kan bruke til å promotere aktiviteten sin, og eit bidrag til å løyse litt på Bruaset-monopolet når det gjeld slike produkt….

 

Vi har og gjort opptak på Skageflå og på storfjordstemnet til seinare bruk for ”Vennane”.

Eit høgdepunkt var det også at Terje fekk kulturprisen for sin totale medverknad i det meste som rører seg av kultur her i bygda....

 

Så, kjære medlemmar: Vi kan puste ut etter eit aktivt år, med godt kuntnerisk resultat og god fagleg utvikling for hobbyen vår. Og til våre samarbeidspartnarar og oppdragsgjevarar: Takk for samarbeidet, og det vi lærer og opplever av dei oppdraga de gir oss! Vi snakkast til neste år!

 

God jul!

Sist oppdatert ( søndag 23. desember 2007 )
   
Videoklubben.net © 2006