|
Våre redigeringssystem
Ørskog Videoklubb har utstyr for både lineær og ulineær redigering. Lineær redigering er direkteredigering, eller redigering av analogt materiale direkte til tape. Ulineær redigering foregår stort sett på PC, med tilhøyrande utstyr.
Vi brukar direkteredigering for fleirkameraproduksjonar i Ørskog samfunnshus og større oppdrag ute. Dette krev mange personar i arbeid, erfaring og godt utstyr. Ikkje minst er lyden eit viktig moment i dette. Vi hentar lyd frå PA og sal, alt etter kva som synest optimalt for akkurat dette opptaket. Det ferdig mixa opptaket blir lagra direkte til ein stor DVtape eller DVD, og ført over til PC i AVI-formatet. Dette dannar grunnlaget for eit godt etterarbeid i den ulineære redigeringsprosessen. Mange av våre medlemmer har fleire års erfaring med slike produksjonar.
Klubben har moderne datautstyr for redigering. På videoklubben er det Adobe Premiere som er hovedprogram. Dette er eit semi-pro oppsett som fungerer bra i dei fleste høver. Eit av medlemmene har sidan lanseringa av Edition 5 (pinnacle) redigert på dette systemet, på eigen computer heime. Dette systemet har bakgrunnsrendering og eit utall effektar og filter. Dette er eit særs effektivt system, som gir brukaren betre tid til den kunstneriske delen av filmskapinga. (Etter kvart har dette blitt oppgradert til Avid Liquid 7, med stor formatstøtte, HD, multicam osv,osv....) Det meste av klubben sine fellesproduksjonar blir redigert på dette systemet no. Enskjerms grensesnitt fra Adobe Premiere 6.x
Fleire av medlemmene redigerer enklare prosjekt på meir forbrukarretta system som til dømes Pinnacle studio heime.
Vi kan også hjelpe publikum med redigering av vidofilmar av dei fleste format, konvertering frå ”gamle” format til nye, klipping og oppsett.

Skjermbildet fra Avid Liquid 7, det hittil nyaste i Liquid-familien...(to skjermar)
Kvifor redigere?
Når vi filmar, er det alltid noko som ikkje bør visast. Det kan vere dårlege motiv, dødtid, osv. osv.... Vi redigerer for å gjere det ferdige produktet interessant å sjå på. Vi klipper, endrar, slår saman PIP, legg på effektar, endrar , tar bort eller legg til lyd osv.
Ein feriefilm kan vere eit godt eksempel; 2 timar med opptak av "alt" som vi opplevde på ferien. Då tar det to timar å vise filmen. kanskje har naboen eller kven det no er som skal få sjå, somna lenge før den er ferdig. Klipp, komprimer og mekk litt, og alle viktige hendingane kjem med på ein halvtimes film.
|